Hjerneforskarar i farten under Forskingsdagane

Morgonkaffi, podkast, laboratoriebesøk og panelsamtalar. Det er hektiske dagar for hjerneforskarar i Senter for digitalt liv Norge – kanskje ikkje så rart når Forskingsdagane 2020 handlar opp nettopp hjernen. Få med deg arrangementa med Marianne Fyhn, UiO og Gaute Einevoll, NMBU frå DigiBrain samt Charalampos Tzoulis, UiB frå ParkOme.

 

Forskingsdagane går av stabelen 16.–27. september og har ei rekke arrangement for allmenta dagleg.

Digitalt-liv-prosjektet DigiBrain ved Universitetet i Oslo (UiO) studerer hjernen frå gen til funksjon i sjukdom og helse. Leiar av DigiBrain Marianne Fyhn, som er professor ved Institutt for biovitskap ved UiO, hadde tett program på fyrste dag av Forskingsdagane .

  • Ho starta dagen med morgonkaffi med Andreas Wahl. Sjå video av samtalen om hjernen og hukommelse (varer ca. 20 min., merk at samtalen med Fyhn startar først etter 6 minutt)
  • Ho var òg med i panelsamtalen under opningsarrangementet for Forskingsdagane.
    Forskingsdagane si omtale av samtaletema: Kan vi passordbeskytte minner, laste opp hjernen i skyen og fryse ned hjernen for senere bruk? Hva kan hjerneforskere lære av science fiction-filmer? Og hvor går grensen mellom fantasi og forskning. 
    Sjå panelsamtalen med innleiande filmar 43.06–1.08.44.
  • På arrangementet Løsningspils – om miljø- og klimautfordringer i norske hjerner, hjem og byer snakka ho om Hvordan kan vi forstå mer av hjernen og utvikle bedre kunstig intelligens med samarbeid på tvers?

22.9. held Marianne Fyhn foredraget Hvordan lærer hjernen – et glimt inn i moderne hjerneforskning forskingskafé i Porsgrunn

DigiBrain-medlem Gaute Einevoll, som er professor ved NMBU og professor II ved Fysisk institutt ved UiO, har fleire arrangement på programmet.

Les artikkelen Datahjernen kan løse gåter der både Marianne Fyhn og Gaute Einevoll er intervjua.

Digitalt-liv-prosjektet ParkOme ved Universitetet i Bergen jobbar med å utvikle ein database for å forstå Parkinsons sjukdom.

Bli med leiar i ParkOme, professor Charalampos Tzoulis, på labben i denne filmen (varer 5 minutt og 30 sekund).

 

Han var òg med på Forskningsdagene UNG 2020 i Bergen 17.9.der filmen vart vist og han svarte på spørsmål frå publikum etterpå. Filmen med han startar 54.25, spørsmål og svar 1.02.00–1.09.45.

 

22.9. Kan du møte Charalampos Tzoulis på arrangementet Når skal forskning redde hjernen? i Oslo. 

 
Published Sep. 18, 2020 11:26 AM - Last modified Nov. 20, 2020 12:43 PM