Sjølv om det er gode miljø for bioinformatikk på nokre av institusjonane, har det mangla nasjonale møteplassar heilt sidan forskningsprogrammet for funksjonell genomikk, FUGE, arrangerte nokre på tidleg 2000-talet. Dette har Senter for digitalt liv Norge saman med fleire andre aktørar i Norge, og med støtte frå Forskingsrådet, ynskja å gjere noke med.
Vitenskaplege konferansar og møteplassar er ein viktig del av forsking. Her kan forskarar presentere og få tilbakemelding på arbeidet sitt frå fagfeller - eit viktig ledd i å sikre truverdigheten i forskning. For studentar og yngre forskarar er det også ein verdifull arena for å finne framtidige arbeidsplassar og samarbeidspartnarar. Det er difor eit aukande ynskje om å også inkludere andre interessegrupper inn i desse møteplassane, som industri og næringsliv, forvaltning og interesseorganisasjonar.
Bioinformatikk er eit fagfelt der ein nyttar matematikk, statistikk og informatikk for å forstå biologiske data. Behovet for meir avanserte analysar kjem frå dei store mengdene data som ligg i arvestoffet, genomet, og dei ulike byggeklossane og drivarane av reaksjonar, proteinar, i organismar. Bioinformatikarane samarbeider difor tett med både biologar for å til dømes studere evolusjon, skilnader mellom ulike organismar og cellulære reaksjonar, og med medisin for å utforske og utvikle nye medisinar og behandlingar.
I haust møttes difor i underkant av hundre bioinformatikarar frå ulike universitet og høgskular, forvaltning, og bedrifter på Sundvolden Hotel utanfor Hønefoss. I løpet av tre dagar fekk dei høyre presentasjonar frå inviterte, internasjonale forskarar, presentere forskinga si for kvarandre gjennom presentasjonar og posterar, og delta på workshopar på spesifikke tema. Workshopane og posterpresentasjoane opna særleg opp for erfaringsutveksling og diskusjonar rundt metodar og utfordringar i forskinga – tema som vanlegvis vert diskutert internt i forskingsgruppene.
Ein kveld var det arrangert ein uformell sofaprat framfor «peisen» rundt nytten av stordata og heilgenomsekvensering i overvaking av dyre- og planteliv. Leia av ein ordstyrar som var Skavland verdig, vart det ein veldig fin diskusjon mellom partar med tilnærming frå akademisk grunnforsking og forvaltande anvendt forsking.
For fleire studenter var dette den fyrste konferansen dei deltok på, og kanskje også fyrste gong dei presenterte forskinga si til eit publikum. Dette er ei god erfaring til vidare formidling av faget sitt. Det vart også delt ut prisar for beste presentasjon og poster – Gratulerer så mykje til Lonneke Scheffer frå Universitetet i Oslo og Hanna Sahlström frå NMBU.
Einstemmig tilbakemelding etter konferansen var at dette burde gjentakast. Det er difor ei stor glede å annonsere at ‘Norsk Bioinformatikk Dagar 2024’ vert arrangert i Bergen! Hovudarrangør Computational Biology Unit (CBU) ved Universitetet i Bergen er allereie open for folk som ynskjer å involvere seg i planlegginga. Ynskjer du å vere med å forme neste møte, ta kontakt på contact@norbioinfo.no.
Om møtet:
Norwegian Bioinformatics Days, 28-30 sept 2022, Sundvolden Hotell
#NBD22 og #NBD2022
Attester på Twitter: https://twitter.com/mitomaths/status/1575353219122864128?s=20&t=tl5F1W5oSs2f6t5o0MYhJA
Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom:
![]()






![]()
